Eitrefjell Telemarkklubb held til på Ørsta Skisenter i Ørsta, heimkommunen til Ivar Aasen. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane.
Fjelltoppar som Saudehornet(1303m), Randers(1414m), Kolåstinden(1432m), Skårasalen(1542m) og Slogen(1564m)
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."
- Fri Flyt -

mandag 23. mars 2015

20-års jubileumsbankett på Vidsyn kafe Langfredag

I anledning Eitrefjell Telemarkklubb sitt 20-årsjubileum har vi gleda av å invitere tidlegare, noverande og komande medlemmar til bankett på Vidsyn kafe på Eitrefjell.

Banketten vert på Langfredag etter telemarekrennet og premieutdelinga.
Før banketten kan alle samlast på Vendehjulet.
Meny: Tapas
Antrekk: Ski-kle, så klart!

Påmelding ved betaling til kontonr:  3992.41.02.571
Pris : 250,- pr.person
Send SMS til Ellen på 92821705 når du har betalt.
Påmeldingsfrist: Søndag 29.mars 2015.

For at vi skal kunne beregne mat er det viktig at alle melder seg på innan fristen.
Dersom du har ei god historie eller to må du ta med denne. 
Bilete frå vår historie kan sendast på e-post til Frank: frankvelle@yahoo.no

Ta med innesko eller tøffler så slepp du å snuble i telemarkskoa inne på kafeen heile kvelden. Haudelykt er også kjekt å ha når du skal nedatt på kvelden.

VELKOMEN! 

Helsing arrangementskomiteen Ellen & Frank

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar