Eitrefjell Telemarkklubb held til på Ørsta Skisenter i Ørsta, heimkommunen til Ivar Aasen. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane.
Fjelltoppar som Saudehornet(1303m), Randers(1414m), Kolåstinden(1432m), Skårasalen(1542m) og Slogen(1564m)
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."
- Fri Flyt -

søndag 22. februar 2015

Birgitte Bjørdal - Norgesmeister fjelltelemark 2015!

Vi har fått vår første Norgesmeister i klubben! Gratulerer so mykje Birgitte med velfortjent gullmedalje under NM fjelltelemark på årets Alperittet på Stranda.

Vi stilte med ei stor tropp og tok fleire toppplasseringar i telemarkklassene. Marta Hauge blei nr.2 etter Birgitte i dameklassa. Terje Stokke blei nr.2 i seniorklassa, Thomas Strand vart nr.2 klasse 30-39 år og Per Endre Woldsund nr.1 i klasse 50+(Står oppført feil i resultatlista). I klasse 40-49 år gjorde vi reint bord og tok dei tre første plassane med Tov Lerheim på 1.plass, tett følgt av Paul Rune Ingebriktsen og Rune Lied på henholdsvis andre og tredje plass. Debutantantane Jon Arne Steinsvik og Casper Lerheim(alpint) kjørte også ned til gode tider.

Jan Erik Fremmerlid, Einar Tvergrov og Synnøve Sunde stilte i alpinklassa med gode plasseringar.

KOMPLETT RESULTATLISTE

Avisklipp :
Bjarne Solbakken - Film med hjelmkamera
Nærvøs debutant, Synnøve Sunde
Knall og fall - Film frå Alperittet





               






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar