Eitrefjell Telemarkklubb held til i Ørsta, heimkommunen til Ivar Aasen. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane.
Fjelltoppar som Saudehornet(1303m), Randers(1414m), Kolåstinden(1432m), Skårasalen(1542m) og Slogen(1564m)
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.
"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen." - Fri Flyt -
Vi har fleire par ski og sko igjen til utleige for medlemmar.
Ski finns i lengde 130 og 150cm, mens sko finns i 22 og 23,5(ca 35-37).
Berre å svinge innnom Vendehjulet og prøve storleik.
Dei lengste skia(150cm) kan en også kjøpe rimelig.
Vi markerer starten på årets skisesong med Kick Off på Vendehjulet komande laurdag 14.jan. Det blir litt dugnad kombinert med skikjøring og til slutt samlast alle til felles middag :)
Det som skal gjerast er :
Henge opp lysarmaturer
Prøve å få tette tak og vegger slik at det ikkje driv inn snø
Montere opp ny TV-antenne
Montere taklister inne
Steike vaffler
Div. anna
Det blir mat kl.16.30 på Vendehjulet.
Når Skisenteret stenger samlast vi til felles middag med spekemat og tilbehør.
Ta med drikke og godt humør!
Komande mandag 5.des kl.18.00-19.30 blir det handlekveld på G-Sport Ørsta for alle ETK-medlemar.
Kenneth held åpen butikken for oss etter ordinær åpningstid og har lovt oss gode prisar på bl.a. skismøring, skredsøkerpakker og selvfølgelig ski/sko/bindinger.
Skal du handle nytt utstyr for skisesongen er dette ei god muligheit for å skaffe deg det du treng.
Møt opp og gjer ein god handel :)
Siste nytt! Snakka med Kenneth i går og han gir oss i tillegg 15% på alt anna i butikken :)