Eitrefjell Telemarkklubb held til på Ørsta Skisenter i Ørsta, heimkommunen til Ivar Aasen. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane.
Fjelltoppar som Saudehornet(1303m), Randers(1414m), Kolåstinden(1432m), Skårasalen(1542m) og Slogen(1564m)
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."
- Fri Flyt -

lørdag 10. januar 2015

Resultat av Grasrotandelen frå Norsk Tipping 2014

Det er Norsk Tipping som står bak grasrotandelen og folk bestemmer kva slags lag eller foreining som får fem prosent av speleinnsatsen. Sidan 2009 har 898.000 av Norsk Tipping sine kundar valt sin grasrotmottakar. 

For 2014 har vi fått kr.17768,- og ligg på 10.plass over lag og organisasjoner som får tildelt Grasrotmidler i Ørsta kommune. Ørsta Røde Kors ligg på topp med vel 93 tusen. 
Les meir i Møre-Nytt.

Stor takk til dei tipparane som støttar oss!
Skal du tippe så husk å oppgi Eitrefjell som Grasrotmottaker!

Topplista i Ørsta : 

1. Ørsta Røde Kors 93.492 kr
2. Vartdal Turn og Idrettslag 88.208 kr
3. Ørsta Idrettslag 70.317 kr
4. Hovdebygda Idrettslag 69.557 kr
5. Volda og Ørsta ballettskule 39.928 kr
6. Åmdal Idrottslag 31.659 kr
7. Sæbø Idrettslag 31.379 kr
8. Urke Grendelag 28.611 kr
9. Vartdalsstranda generasjonskorps 22.237 kr
10. Eitrefjell Telemarkklubb 17.768 kr

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar