Eitrefjell Telemarkklubb held til på Ørsta Skisenter i Ørsta, heimkommunen til Ivar Aasen. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane.
Fjelltoppar som Saudehornet(1303m), Randers(1414m), Kolåstinden(1432m), Skårasalen(1542m) og Slogen(1564m)
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."
- Fri Flyt -

lørdag 3. januar 2015

Kick Off 2015 - laurdag 17.jan

Som i fjor så markerer vi starten på skisesongen med Kick Off på Vendehjulet laurdag 17.jan.
Det blir sosial samling med grilling og god musikk utover ettermiddagen.
Vendehjulet er ope heile dagen og siste sjanse å kome opp med T-trekk og stolheis er kl.16.00.
Er så klart mulig for overnatting for den som ønskar det.
Nye og gamle medlemmar er hjartelig velkomne!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar