Eitrefjell Telemarkklubb held til på Ørsta Skisenter i Ørsta, heimkommunen til Ivar Aasen. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane.
Fjelltoppar som Saudehornet(1303m), Randers(1414m), Kolåstinden(1432m), Skårasalen(1542m) og Slogen(1564m)
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."
- Fri Flyt -

søndag 11. februar 2018

Skileik 13-15.feb.

SKILEIK STARTAR OPP IGJEN 13.FEBRUAR med Eitrefjell Telemarkklubb.

I første om gang 3 kvelder på rad, tirsdag 13-torsdag 15 feb.
Skileik er eit tilbod for born fødde frå 2008 til 2011(2012) (1- 4 klasse) som ønskjer å leike seg på ski.
Vi ynskjer å få med flest mogleg! Tilbodet er lagt opp for alle som kan klare å ta Storetrekket, utan hjelp frå trenarane og klare å renne frå 3 eller 5 stolpe utan hjelp. 
Foreldra må eventuelt hjelpe borna på trekket.

Hensikta er å skape skiglede igjennom samhold og leik på ski. Borna vil gjennom kveldene få ferdigheitstrening på ski gjennom blant anna løypekjøring, hopp, kular, hinderløype og forskjellige løypemodellar.

Skileiken er basert på at foreldra kan vere tilgjengelige for hjelp på ein eller annan måte.
Skileik vil gå 3 kvelder framover, frå 18.00-19.15.
Vi vil ha møtepunkt ved det store skiltet rett oppom kafeen. 
Trenarane vil stille i gule vestar, så det skal være lett å finne oss!! 

Skileik vil koste kr.100 i treningskontigent til Eitrefjell telemarkklubb og ein kan betale med Vipps.
Dei som ikkje har heiskort kan enten kjøpe kveldskort eller sesongkort. 
Opp til 1 kl er gratis på trekket, og 2 kl kan løyse Alpepass gratis. 

I år vil det også bli mulighet for å låne telemarkski for de som ønsker det. Utlånshengaren vil stå utanfor varmestova.



  


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar