Eitrefjell Telemarkklubb held til på Vendehjulet ved Ørsta Skisenter. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane og er heimkommunen til Ivar Aasen.
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."

torsdag 17. april 2014

Topptur til Verhaldet og grilling på Vendehjulet Langfredag

Etter synfaring og vurdering av snøforholda har vi valgt å ikkje ha telemarkrenn Langfredag. Vi satsar i staden på felles topptur til Verhaldet med samling på Vendehjulet etterpå for grilling og sosial samling utover ettermiddagen. Ta med det du treng av grillmat og tilbehør.

Stolheisa vil gå frå kl.10-16 og T-trekket i Nottane vil vere ope.
Det er meldt sol så det vil vere mange som skal opp i Nottane. Med mykje uerfarne turistar vil stolheisa sannsynligvis ikkje gå på max fart, så er det er lurt å vere tidlig ute for å unngå heiskø.

For dei sprekaste som vil vere med til Verhaldet blir det felles avgang frå Vendehjulet kl.11.30.

Til opplysing så er det er ikkje mulig å renne på ski ned hovedtraseen.

For dei som skal nedatt etter kl.16.00 må då gå på beina, så ta med egna fottøy.
Kan vere lurt å ta seg en tur ned med skiutstyret og ta heisa oppatt før kl.16 slik at du slepp å bære alt skiutstyret ned att i den glatte og steinete hovedtaseen.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar