Eitrefjell Telemarkklubb held til på Ørsta Skisenter i Ørsta, heimkommunen til Ivar Aasen. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane.
Fjelltoppar som Saudehornet(1303m), Randers(1414m), Kolåstinden(1432m), Skårasalen(1542m) og Slogen(1564m)
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."
- Fri Flyt -

onsdag 8. januar 2014

Medlemskontigent for 2014

Då er det tid for å fornye medlemskontigenten. Etter ein liten nedgang i medlemstallet i fjor så håpar vi at det tek seg opp i år. Kontigenten er den samme som i fjor og vi ønskar både gamle og nye medlemmar velkomne!

  • Vendehjulet - Vårt eget klubblokale på toppen av Eitrefjell.  Sosial samlingsplass som er open for alle medlemar både vinter og sommar.
  • Utlån av telemarkski & sko for born
  • Telemarkrenn på Langfredag kvart år
  • Salg av klubb-effektar – Gensarar og T-skjorter
  • Medlem i Norges Skiforbund f.o.m. 2007
  • Skal i 2014 arr. Fjelltelemarkrenn i samarbeid med X2-festivalen

Familiemedlemskap kostar kr. 400,-.
Born t.o.m. 17 år kan takast med som familiemedlem.

Enkeltmedlem(over 18 år) kostar kr.250,-

Betalast inn på kontonr : 3992 05 07496
Merk betaling : Kontigent 2014 og før opp namn på alle familiemedlemmar i teksta ved betaling.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar