Eitrefjell Telemarkklubb held til på Vendehjulet ved Ørsta Skisenter. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane og er heimkommunen til Ivar Aasen.
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."

onsdag 27. mars 2013

Påskerennet på langfredag


Vårt tradisjonelle telemarkrenn blir i år bak i Nottane. Det er fantastisk føre og det er meldt sol framover, så vi håpar på stort oppmøte. Løypa startar litt nedanfor avstigninga til T-trekket og utover flata der det vil vere reipelykkje og hopp. Det blir kjørt 2 omgongar.

Påmelding frå kl.10.30 oppe på Vendehjulet og pris om du er ETK medlem kr. 50/30,-.
For dei som ikkje er medlem kostar det kr. 100/50,-

Rennstart kl.13.00.

Sol og Langfredag gjer at det fort blir veldig fullt på bilparkeringa og kø på T-trekket og stolheisa. Anbefalar derfor alle funksjonærar og alle som skal delta om å møte opp tidlig!

Det blir premieutdeling på Vendehjulet etter rennet med grilling og Afterski utover ettermiddagen.
Ta med det du treng av grillmat og tilbehør.

Følg oss også på Facebook

Imens er her nokre mimre bilder frå rennet i Nottane 2009





 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar