Eitrefjell Telemarkklubb held til på Ørsta Skisenter i Ørsta, heimkommunen til Ivar Aasen. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane.
Fjelltoppar som Saudehornet(1303m), Randers(1414m), Kolåstinden(1432m), Skårasalen(1542m) og Slogen(1564m)
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."
- Fri Flyt -

søndag 7. oktober 2012

Dugnad på Bondalseidet laurdag 13.okt

Det nærmar seg raskt sesongstart på Skisenteret og Driftsledar Moltudal har en del som han treng hjelp med før snøven kjem. Nakkeløpa må ryddast, snøkanonanlegget må sjekkast og litt andre oppgåver som må ordnast.

Som tidligare år so har Telemarkklubben hjelpt til med sesongforberedelsane og det vil vi forsette med. Dette for å betale tilbake litt "husleige" for Vendehjulet, men først og fremst for at vi gjerne vil ha ei plass å boltre oss på der løyper og heiser er i den stand som vi ønskar.

Oppmøte kl.10.00 ved nedre heisstasjon.
Gi gjerne beskjed på Facebook om du kjem eller i komentarfeltet nedom her.

Oppmodar alle medlemmar og eventuelle andre om å hjelpe til. Om du har skogsryddemaskin så ta med den.
Det vil nok vere vått i marka så ta også med egna fottøy, kle, mat og drikke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar