Eitrefjell Telemarkklubb held til på Ørsta Skisenter i Ørsta, heimkommunen til Ivar Aasen. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane.
Fjelltoppar som Saudehornet(1303m), Randers(1414m), Kolåstinden(1432m), Skårasalen(1542m) og Slogen(1564m)
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."
- Fri Flyt -

søndag 8. januar 2012

ETK Kick Off 2012, laurdag 14.jan!

Vi markerer starten på årets skisesong med Kick Off på Vendehjulet komande laurdag 14.jan. Det blir litt dugnad kombinert med skikjøring og til slutt samlast  alle til felles middag :)

Det som skal gjerast er :

  • Henge opp lysarmaturer
  • Prøve å få tette tak og vegger slik at det ikkje driv inn snø
  • Montere opp ny TV-antenne
  • Montere taklister inne
  • Steike vaffler
  • Div. anna 
Det blir mat kl.16.30 på Vendehjulet.
Når Skisenteret stenger samlast vi til felles middag med spekemat og tilbehør.
Ta med drikke og godt humør!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar