Eitrefjell Telemarkklubb held til på Ørsta Skisenter i Ørsta, heimkommunen til Ivar Aasen. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane.
Fjelltoppar som Saudehornet(1303m), Randers(1414m), Kolåstinden(1432m), Skårasalen(1542m) og Slogen(1564m)
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."
- Fri Flyt -

onsdag 30. november 2011

Skikveld på G-Sport Ørsta, mandag 5.des

Komande mandag 5.des kl.18.00-19.30 blir det handlekveld på G-Sport Ørsta for alle ETK-medlemar.
Kenneth held åpen butikken for oss etter ordinær åpningstid og har lovt oss gode prisar på bl.a. skismøring, skredsøkerpakker og selvfølgelig ski/sko/bindinger.

Skal du handle nytt utstyr for skisesongen er dette ei god muligheit for å skaffe deg det du treng.
Møt opp og gjer ein god handel :)

Siste nytt! 
Snakka med Kenneth i går og han gir oss i tillegg 15% på alt anna i butikken :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar