Eitrefjell Telemarkklubb held til på Ørsta Skisenter i Ørsta, heimkommunen til Ivar Aasen. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane.
Fjelltoppar som Saudehornet(1303m), Randers(1414m), Kolåstinden(1432m), Skårasalen(1542m) og Slogen(1564m)
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."
- Fri Flyt -

søndag 6. mars 2011

Paul Rune til topps i Alperittet!

Vi gratulerer Paul Rune Ingebriktsen med seier i Alperittet!
 
Etter å ha blitt sittande fast i ein time i den nye stolheisa på Roalden, fekk Paul Rune raskt opp varmen igjen og kjørte inn til ein imponerande seier i herrer 40-49 år. Terje Moe sørga for ETK dobbelseier, mens Per Endre Woldsund og Asbjørn Aure følgte tett på med 4.plass og 8.plass i samme klasse.
Med siste startnr tok Reidunn Tvergrov Øye ein meget sterk 2.plass i damer 30-39 år.

I herrer 20-29 år kom Terje Stokke inn på ein god 4.plass og Birgitte Bjørdal blei nr.7 i damer 20-29 år.

I alpinklassene kom Marius Strandmann på 13.plass herrer 20-29 år og Einar Tvergrov kjørte inn til 10.plass blant herrer 30-39 år. 

1 kommentar:

  1. Eg heiter Paul Rune Ingebriktsen og er veldig god på ski.
    Eg eig eit gamalt rosapar, og eg gjer så godt eg kan.
    Og bjørnen ligg i sitt vinterhi, men det gjer ikkje eg. I vinter har eg trena for å kome meg i form. Og løypa var fin og brei og slett,
    den finaste eg har sett suddeli da suddelidei.
    For 3 gong i mitt liv, har vunne der på ski
    suddelida suddelidei.
    Traaaalllla llllala la la full opp ditt tomme krus.

    SvarSlett