Børulf i Volda Ørsta Røde Kors Skredgruppe har tilbudt seg å ha ei lita økt med Telemarkklubben der vi kan øve med sender/mottaker(S/M). Han tek med seg eit øvingsett der ein kan grave ned 4 sensorar i snøen, som ein kan søke etter. Øvinga er å bruke S/M til å finne dei. Funn blir registrert når sensoren blir truffe av ei søkestang.
Ditte er ei fantastisk muligheit for oss å lære og øve på korleis søkeutstyret ditt fungerar i praksis med kyndig veilledning. Passar både nybyrjarar og dei som kan litt frå før.
Ta med spade, søkestang og S/M om du har.
Børulf tek også med seg nokre søkarar som en kan få låne om du ikkje har sjølv.
No når topptursesongen står for døra, er ditte midt i blinken. Det er meld fint vær til onsdag, så møt opp på Vendehjulet onsdag kl.11.00.
Eitrefjell Telemarkklubb held til på Vendehjulet ved Ørsta Skisenter. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane og er heimkommunen til Ivar Aasen.
Fjelltoppar som Saudehornet(1303m), Randers(1414m), Kolåstinden(1432m), Skårasalen(1542m) og Slogen(1564m)
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.
"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar