Fineværet skal fortsette fram mot helga og komande laurdag blir det åpning av T-trekket i Nottane. For dei sprekaste blir det flott å ta seg ein tur på Verhaldet eller Blåtind og etterpå svinge seg ned på Vendehjulet for grilling og relaxing. Stolheisa vil gå frå kl.10-16. Ei god annledning å kome seg til fjells!
Har også fått tilbakemelding at det er noken som vil overnatte, så det er berre å ta med soveposen!
Bilda under er tatt onsdagskveld. Gode spor å gå i og flott føre nedatt.
Eitrefjell Telemarkklubb held til på Vendehjulet ved Ørsta Skisenter. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane og er heimkommunen til Ivar Aasen.
Fjelltoppar som Saudehornet(1303m), Randers(1414m), Kolåstinden(1432m), Skårasalen(1542m) og Slogen(1564m)
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.
"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar