Vårt tradisjonelle telemarkrenn blir i år bak i Nottane. Det er fantastisk føre og det er meldt sol framover, så vi håpar på stort oppmøte. Løypa startar litt nedanfor avstigninga til T-trekket og utover flata der det vil vere reipelykkje og hopp. Det blir kjørt 2 omgongar.
Påmelding frå kl.10.30 oppe på Vendehjulet og pris om du er ETK medlem kr. 50/30,-.
For dei som ikkje er medlem kostar det kr. 100/50,-
Rennstart kl.13.00.
Sol og Langfredag gjer at det fort blir veldig fullt på bilparkeringa og kø på T-trekket og stolheisa. Anbefalar derfor alle funksjonærar og alle som skal delta om å møte opp tidlig!
Det blir premieutdeling på Vendehjulet etter rennet med grilling og Afterski utover ettermiddagen.
Ta med det du treng av grillmat og tilbehør.
Følg oss også på Facebook
Imens er her nokre mimre bilder frå rennet i Nottane 2009
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar