Eitrefjell Telemarkklubb held til på Vendehjulet ved Ørsta Skisenter. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane og er heimkommunen til Ivar Aasen.
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."

fredag 25. januar 2013

Til Minne - Christian Melle

Tirsdagsmorgen kom den sjokkerande meldinga om at Christian Melle var utsatt for ei ulykke og at det var sett i gong leiteaksjon. For tiden var han på jobb for K.A Aurstad i Dalsfjorden og utpå tirsdagen blei dumperen som han kjørte funnen i sjøen. Leiteaksjonen fortsatte og på onsdag morgen blei det bekrefta at Christian var funnen i sjøen omkomen.

Christian var ein skientusiast og har vore medlem i Eitrefjell i mange år. Christian syns det var stas å stå på telis attmed oss andre og likte seg godt på Vendehjulet oppe på toppen av Eitrefjellet. Dei siste 6 åra har han også tatt ansvar som aktiv styremedlem i ETK-styret.  Han stilte med glede opp når det var dugnad på Vendehjulet eller om det var spørsmål om snøproduksjon på Bondalseidet. 

Den kjekke, snilde, blide, helpsomme og gode kompisen vår er borte. Med Asbjørn's tragiske bortgang i fjor friskt i minne, så det blir eit ekstra stort sakn for oss å ikkje ha to av våre gla' gutar i blandt oss lenger. 

Vi kondolerer så mykje til familien og venner.
Kvil i fred begge to, Christian og Asbjørn :)

På bildet over er Christian på dugnad i gong med å bære material, som har blitt frakta opp med stolheisa,  ned til Vendehjulet.




















Asbjørn i kjent stil under X2 2010 i Trollbotnen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar