Eitrefjell Telemarkklubb held til på Vendehjulet ved Ørsta Skisenter. Ørsta ligg midt i hjartet av dei idylliske Sunnmørsalpane og er heimkommunen til Ivar Aasen.
er kjende toppar som lokkar skientusiastar frå inn og utland til Ørsta.

"I nærheten av Ørsta kan det være vanskelig å velge blant alle godbitene. Vi gikk på Grøtdalstind og tipser i tillegg om mulighetene på Saudehornet og Skårasalen."

tirsdag 9. oktober 2012

Innkalling til Årsmøte 3-4.nov

Etter tilbakemeldingar frå medlemane, så blei det på Styremøtet 18.okt bestemt endre lokasjon for Årsmøtet. Dette mest av praktiske grunnar, så vi har no reservert hytte ved Nipehyttene ut i Rindane. Det vil gjere det mykje lettare med tanke på skyss heim på natta for dei som ikkje har anledning å overnatte. Etter sjølve Årsmøtet blir det mykje god mat og sosialt samvær.

Forslag til kandidatar og saker kan sendast på SMS/E-post til Rune :
Mobil : 917 95 482 eller E-post : thepudderdude@yahoo.no

Påmelding : Sjå invitasjon på Facebook eller SMS
Egenandel kr.100,- pr.pers.

Ta med sengetøy/sovepose om du vil overnatte.
Om det er stemning for det har vi tilgong for jacuzzi, så ta med badekle/handduk.


Årsmøtet startar kl.18.00
Alle gamle og potensielle nye medlemmar hjertelig velkomne!



Innkalling til Årsmøte 2012

Sakliste
1.       Valg av møteleiar : 
2.       Valg av 2 medlemmar til å underteikne protokollen : 
3.       Godkjenning av innkalling :
4.       Årsberetning 2012 : Rune
5.       Regnskap 2012 : Kristian
6.       Forslag til budsjett 2013 : Kristian
7.       Valg av nytt styre og andre tillitsverv :
Sittande styre 2011-2012 :
Leiar : Rune Lied (på valg)
Nestleiar : Frank Velle (2012-2013)
Styremedlemar : Christian Melle (2012-2013), Trond Barstad (på valg), Jan Erik Engeset (på valg)
Valg 2012:
1.1              Leiar
1.2              Styremedlemar (nytt av året er at det skal vere totalt 6 stk i styret) :
1.3              2 revisorer :
1.4              Valgkomite 2 stk :
1.5              Eventuelle andre forslag etter forslag frå styret :

8.       Valg av arbeidsgruppe for Norgescuprennet/X2 2013 :
9.       Innkomne forslag :
10.     Eventuellt :

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar